Velkomen!

Informasjon om OpenOffice.org 2.0

For dei nyaste oppdateringane av denne LESMEG-fila, gå tilhttp://www.openoffice.org/welcome/readme.html

Kjære brukar

Denne fila inneheld viktig informasjon om dette programmet. Les denne informasjonen nøye før du byrjar arbeida med programmet.

OpenOffice.org-miljøet, som har stått for utviklinga av dette produktet, vil gjerne invitera deg til å delta som medlem. Som ny brukar kan du ta ein titt på OpenOffice.org-sida

http://www.openoffice.org/about_us/introduction.html

I avsnitta nedanfor kan du lesa meir om korleis du kan verta med i OpenOffice.org-prosjektet.

Merknader om installasjon

Systemkrav:

Vanskar med å starta OpenOffice.org (t.d. program som heng), så vel som problem med skjermvisinga kjem ofte av problem med skjermkortet. Dersom desse problema førekjem, prøv å oppdatera skjermkort-driveren eller prøv å bruka skjermkort-driveren som vart levert med operativsystemet ditt. Problem med å visa 3D-objekt kan ofte løysast ved å fjerna avkryssinga for «Bruk OpenGL» under «Verktøy - Innstillingar - Vis - 3D-vising».

Du kan installera OpenOffice.org 2.0 ved sida av ei eldre utgåve av OpenOffice.org. Dersom du seinare vel å fjerna den gamle utgåva, må du køyra installasjonsprogrammet til den nye utgåva på nytt og velja «Reparer». Dette sikrar at den nye versjonen er registrert i systemet på rett måte.
Legg merke til at klipping og liming via utklippstavla mellom OpenOffice.org 1.x og OpenOffice.org 2.0 av og til ikkje verkar i OpenOffice.org-format. Dersom det skjer, kan du velja «Rediger - Lim inn utval» og velja eit anna format enn OpenOffice.org. Du kan òg opna dokumentet direkte i OpenOffice.org 2.0.

Ver sikker på at du har nok tilgjengeleg minne i mellomlagringsmappa i operativsystemet ditt, og at du har lese-, skrive- og køyretilgjenge. Lukk alle andre program før du byrjar å installera.

Problem ved programoppstart på Gnome

Dersom du opplever problem ved oppstart av OpenOffice.org (serleg når du bruker Gnome), kan du ta vekk miljøvariabelen SESSION_MANAGER i skalet du startar OpenOffice.org frå. Dette kan gjerast ved å leggja til linja «unset SESSION_MANAGER» til starten av «soffice»-skalskriptet, som ligg i mappa «[office folder]/program».

Endra skrifta i brukargrensesnittet

I OpenOffice.org kan du endra skrifta som vert brukt for skjermvising og utskrift med å byta han ut med ei anna skrift som er installert på systemet ditt. Dette kan du gjera med funksjonen for skriftbyte. Vel «Verktøy - Innstillingar - OpenOffice.org - Skrifter» for å bruka denne funksjonen.

For å endra skrifta i OpenOffice.org-brukargrensesnittet, må du erstatta standardskrifta «Andale Sans UI» med ei anna skrift og velja innstillinga «alltid» for denne erstatninga.

Sjå hjelpa i OpenOffice.org for ei detaljert forklaring av dialogvindauget.

Snøggtastar

Berre snøggtastar (tastekombinasjonar) som ikkje vert brukte i operativsystemet kan brukast i OpenOffice.org. Dersom ein tastekombinasjon i OpenOffice.org ikkje verkar som det står i hjelpetekstane, sjå om snøggtasten allreie er brukt av operativsystemet. For å løysa slike konfliktar, kan du endra tastetilordningane i operativsystemet ditt. Du kan òg endra nesten alle tastekombinasjonane i OpenOffice.org. For meir informasjon om dette emnet, sjå hjelpa i OpenOffice.org eller dokumentasjonen for operativsystemet ditt.

Fillåsing

I standardinnstillingane er fillåsing skrudd på i OpenOffice.org. For å slå det av, må du setja miljøvariabelen «SAL_ENABLE_FILE_LOCKING=0» og eksportera «SAL_ENABLE_FILE_LOCKING». Desse oppføringane er allereie slått på i skriptfila «soffice».

Åtvaring: Om du skrur på fillåsings-funksjonen kan du få problem om Solaris 2.5.1 eller 2.7 er brukt saman med Linux NFS 2.0. Dersom systemmiljøet har desse parametrane, tilrår vi sterkt at du unngår å bruka fillåsing. Elles vil OpenOffice.org hanga når du freistar å opna ei fil frå ei NFS-mappe frå ei Linux-datamaskin.

Brukt / endra kjeldekode

Delar Copyright 1998, 1999 James Clark, delar copyright 1996, 1998 Netscape Communications Corporation.

Hjelpa til

OpenOffice.org-miljøet vil ha stor hjelp av di aktive deltaking i utviklinga dette viktige «open kjeldekode»-prosjektet.

Som brukar er du alt no ein verdifull del av utviklinga av programpakken. Vi oppmodar deg om å delta endå meir, som bidragsytar over lengre tid. Du finn meir informasjon om korleis du kan bli med på brukarsidene: http://no.openoffice.org/

Registrering

Ta deg tid til å fullføra den minimale produktregistreringa når du installerer programvara. Jamvel om registrering er velfritt, vil vi oppmoda deg om å registrera, sidan informasjonen gjer det mogleg for miljøet å laga ei enno betre programpakke og direkte ta hand om dei behova brukarane har. Gjennom personvernspolitikken, tek OpenOffice.org-miljøet alle førehandsreglar for å verna om dine personlege opplysningar. Dersom du gjekk glipp av registeringa når du installerte, kan du gå tilbake og registera kva tid som helst på http://www.openoffice.org/welcome/registration20.html

Brukarundersøkjing

Det er òg ei brukarundersøking på nettet som vi vil oppmoda deg om å fylla ut. Brukarundersøkinga hjelper OpenOffice.org til å snøggare heva standarden for neste generasjon kontorstøtte-programpakker. Gjennom personvernspolitikken tek OpenOffice.org-miljøet alle førehandsreglar for å verna om dine personlege data.

Meld frå om feil

På nettstaden til OpenOffice.org kan feil og problem meldast til IssueZilla. Alle brukarar vert oppmoda til å melda frå om feil og problem som oppstår. Feilmeldingar er ein av dei beste måtane å hjelpa til med utvikling og forbetring på.

Abonner

Her er nokre e-postlister for prosjektet (engelskspråklege) som du kan abonnera på:www.openoffice.org/mail_list.html

Ver med i eit eller fleire prosjekt

Du kan gjera mykje for prosjektet jamvel om du ikkje har noka erfaring med programutvikling og programmering. Ja, du ja!

http://projects.openoffice.org/index.html finn du prosjekt som arbeider med alt frå omsetjing, porting og gruppevare til verkeleg tunge programmeringsprosjekt. Dersom du ikkje kan programmera, kan du prøva dokumentasjons- eller marknadsføringsprosjekta. Marknadsføringsprosjektet til OpenOffice.org arbeider både med tradisjonell, kommersiell marknadsføring og geriljataktikk for å spreia open kjeldekode på tvers av både kulturelle og språklege grenser. Du kan hjelpa til ved ganske enkelt å spreia ryktet og fortelja om denne programpakken til folk du kjenner.

Du kan hjelpa ved å bli med i marknadskontakt og informasjonsnettverket her: http://marketing.openoffice.org/contacts.html Der kan du kommunisera direkte med presse, media, offentlege etatar, konsulentar, skular, Linux-brukargrupper og utviklarar i nærmiljøet og landet der du bur.

Brukarstøtte

Dersom du lurar på noko om OpenOffice.org 2.0, kan du sjå gjennom arkiva med spørsmål som allereie er stilte på e-postlista «users@openoffice.org» på www.openoffice.org/mail_list.html. Du kan òg senda inn spørsmål til users@openoffice.org. Hugs at du må abonnera på e-postlista dersom du vil motta svar på spørsmåla dine.

Les òg spørsmål og svar på http://user-faq.openoffice.org/.

Korleis koma i gang?

Den beste måten å byrja deltaka aktivt, er å melda seg på ei eller fleire e-postlister, liggja lågt ein stund og gradvis bruka postarkiva for å verta kjent med emna som har vore diskuterte sidan OpenOffice.org-kjeldekoden vart frigjeven i oktober 2000. Når du er trygg, treng du berre skriva ein e-post der du presenterer deg sjølv, og hoppa rett i det. Dersom du er vane med «open kjeldekode»-prosjekt, sjå på gjeremålslista vår og sjå om det er noko du kunne tenkja deg å hjelpa til med på http://development.openoffice.org/todo.html.

Vi håpar du har glede av å arbeida med OpenOffice.org 2.0 og at vi snart møter deg på nettet.

OpenOffice.org-miljøet