Kinesisk konvertering
Konverterer den merkte kinesiske teksten frå eitt kinesisk teiknsystem til eit anna. Er ingen tekst merkt, vert heile dokumentet konvertert. Denne kommandoen er tilgjengeleg berre om du har slått på asiatisk språk i .
Omgjeringsretning
Vel omgjeringsretninga.
Tradisjonell kinesisk til forenkla kinesisk
Omset tradisjonelle kinesiske teikn til forenkla kinesiske teikn. Trykk OK for å omsetja den valde teksten. Om du ikkje har vald nokon tekst, vert heile dokumentet omsett.
Forenkla kinesisk til tradisjonell kinesisk
Omset forenkla kinesiske teikn til tradisjonelle kinsesiske teikn. Trykk OK for å omsetja den valde teksten. Om du ikkje har valt nokon tekst, vert heile dokumentet omsett.
Felles termar
Felles termar er ord som tyder det same i tradisjonell og forenkla kinesisk, men som vert skrivne med ulike teikn.
Omset felles uttrykk
Omset ord på to eller fleire teikn som er med i lista over vanlege termar. Etter at lista er lesen, vert resten av teksten omsett teikn for teikn.
Rediger uttrykk
Opnar dialogvindauget Rediger ordbok der du kan redigera lista over omsetjingstermar.